Lediga jobb

Bibliotekschef till norska Gol kommune

Gol kommune | Gol kommunne, Norge

Gol er ein kommune med ca. 4.700 innbyggjarar. Kommunen er eit viktig kommunikasjonsmessig knutepunkt, med eit allsidig næringsliv, særleg innan reiseliv, handel og jordbruk. Kommunen kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, og er ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Arbetsgivare Gol kommune
Ort Gol kommunne, Norge
Sista ansökningsdatum 2018-06-08
Hemsida gol.kommune.no
Kontaktperson Mads Elbrønd, Avdelingsleiar – Kultur og fritid. Telefon: +47 40916449

Gol bibliotek er eit kombinert folkebibliotek og skulebibliotek for Gol vidaregåande skule, Læringssenteret Gol og grunnskulen i Gol med biblioteksjef og 2,8 bibliotekarar.

Biblioteket legg vekt på å tilby eit godt utval av ulike media, og har eit nært samarbeid med dei andre biblioteka i Hallingdal og med Fylkesbiblioteket i Drammen. Biblioteket er ansvarleg for ulike arrangement og har eit aktivt og godt fagleg miljø som vi ser fram til å utvikle vidare slik at biblioteket blir ein sjølvsagt møteplass for alle.

Vi søkjer:

Biblioteksjef 100 fast % stilling

Kvalifikasjonar:

* Godkjent bibliotekarutdanning, helst med leiarerfaring eller utdanning. Søkjarar med anna høgare utdanning kan ogbli vurderte, med mellombels tilsetting på dispensasjon.

* Vi søkjer ein allsidig, utviklingsorientert og utadretta person med evne til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.

* Vi søkjer ein person med gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.

* Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Arbeidsoppgåver:

* Bibliotekutvikling for framtida.

* Saksbehandling, personal-, økonomi- og planarbeid.

* Publikumsarbeid, arrangement og aktivitetar.

* Opplæring og rettleiing av elevar, lærarar og andre brukargrupper.

* Samarbeid med Gol skule, Gol vidaregåande skule og Læringssenteret Gol.

* Samarbeid med andre verksemder, lag og organisasjonar.

* Kvelds- og laurdagsarbeid etter vaktplan. Andre oppgåver.

Vi tilbyr:

* Ein unik sjanse til å være med å utvikle eit moderne kombinasjonsbibliotek.

* Hyggelige kollegaer.

* God pensjonsordning.

* Hjelp til å skaffe bustad og evt. barnehageplass.

For stillinga gjeld:

Tilsetting som biblioteksjef i Gol kommune etter gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Tidspunkt for tiltreding kan diskuterast.

Løn etter avtale

Vi ynskjer at:

* Du ynskjer å være med å utvikle Gol bibliotek til ein møteplass for alle

* Du ynskjer å utvikle eit godt skulebibliotek

* Du ynskjer å samarbeide om ulike aktivitetar knytt til formidling

* Du kan jobbe sjølvstendig

* Har gode leiareigenskapar

* Kan inspirere, motivere og rettleie

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Søkjarar som er tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på ”Glemt brukarnamn/passord”, som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på den e-posten som vi bruker for å sende deg lønsslipp.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.